Kortfilmar
En Skildring af Hjemmet
Olaf vaks opp på ein aude fjellgard ved Folgefonna. 150 år gamle brev fortel den rørande og dramatiske historia om korleis livet hans vart snudd opp ner når han kom til Bergen for å studera. Når Merethe les breva ho har funne i kommunen sitt arkiv, byrjar ho reflektere rundt kvifor ho har flytta heim til Rosendal trass i at ho Kva har endra seg sidan Olaf levde, og kvifor er heimstaden så viktig for nokre av oss?
Produsent: Merethe Offerdal Tveit/Jon Jerstad v/Oslo Met
Manus og regi: Merethe Offerdal Tveit
Foto: Merethe Offerdal Tveit
År: 2018
Lengde: 17:00 min
November
Ein poetisk kortfilm basert på ein tekst om hausten og det forgjengelige i tilværet, der vi er vitne til ei jente som går rundt i ein kunstig opplyst park ein sein novemberkveld.
Produsent: Merethe Offerdal Tveit/Jon Jerstad v/Oslo Met
Manus og regi: Merethe Offerdal Tveit
Foto: Merethe Offerdal Tveit
Med: Gøril Skeie Sunde
År: 2018
Lengde: 05:45 min
Eit hus, ein heim
Ein kort poetisk dokumentar om prosessen å rydde vekk tinga til nokon som ikkje lev lenger. Huset til bestefar er fyld med pyntegjenstandar og nipsenglar, men det er mange år sidan bestemora tørka støv av dei og fylde det med liv. Når bestefar er i syden bestemmer Merethe seg for å vaske og rydde i huset. Englane skal få fly.
Manus og regi: Merethe Offerdal Tveit
År: 2014
Lengde: 05:57 min
To framande og ein ukjend
Ein kortfilm om ei jente på haiketur i Nord-Norge og ei dame som har sove seg gjennom dei siste åra av ekteskapet sitt, men som får ein oppvekkar då jenta kjem på døra hennar og vil slå opp telt i hagen.
Produsent: Merethe Offerdal Tveit/ Nordland kunst-og filmfagskole
Manus og regi: Merethe Offerdal Tveit
Foto: Kim Groustra
Med: Marit Andreassen og Ingrid Rusten
År: 2009
Lengde: 13 min
Månen drikk
“Absalon Beyersgate 10” og “Månen drikk” er begge super-8-filmar laga på Nordland kunst-og filmfagskole.
Månen drikk er inspirert av japansk folklore. Kva er denne krafta månen har? Ei jente vaknar midt på natta, går ut i skogen og slåss med månen.
Produsent: Merethe Offerdal Tveit/ Nordland kunst-og filmfagskole
Manus og regi: Merethe Offerdal Tveit
Foto: Inge Wegge
Med: Merethe Offerdal Tveit og Inge Wegge
År: 2010
Lengde: 04:22 min
Absalon Beyersgate 10
Ein repetativ tekst, om ei jente som er sett kome og gå frå ein leilighet, er utgongspunkt for denne poetiske dansefilmen spelt inn på super-8-film.
Produsent: Merethe Offerdal Tveit/ Nordland kunst-og filmfagskole
Manus og regi: Merethe Offerdal Tveit
Foto: Øistein Sæthren Dahle
Med: Øistein Sæthren Dahle og Merethe Offerdal Tveit
År: 2009
Lengde: 03:06 min