ØYGARDEN
Barndomsminne fra ein høgdegard.
Hans Kvam er ein dei 11 syskena som vaks opp på Øygarden. Den fyrste av dei var fødd i 1932 og den siste i 1948. I syskenflokken er det både tvillingpar og trillingar.
Då foreldra kjøpte Øygarden var det av eit eldre par, Kari og Erik Ødegaard. Dei hadde ikkje born sjølve, og i 1934 selde dei garden til yngre krefter, og vart buande i nabohuset som kårfolk. Begge desse nådde ein høg alder, Erik døydde i 1943, 90 år gammal og Agna i 1947, 91 år.
Hans, nummer 5 i rekka og tvilling, har budd på Holmestrand dei siste 50 åra, og i dag er det sonen, Morten Kvam, som har overteke Øygarden. Han har bygd ei flott hytte på fjellhylla på og fått laga god køyreveg heile vegen opp. I dag er hytta mykje brukt både av familien og som utleige til utanlandske turistar.
Hans fortel om barndomsåra på Øygarden:
Vi budde på Øygarden i to peiodar i oppveksten min, for frå 51-56 leigde vi eit hus på Havraberg på Sørheim, før vi så flytte vi opp igjen til Øygarden og budde der til 1960. Då flytta familien inn i nybygd hus på Sørheim. Då var eg var 18 år, og hadde allereie byrja jobbe litt på gardar i området og for Fylkesbåtane. Far vår døydde av kreft før huset var ferdig, så då flytta eg heim for å hjelpe til ein periode.
Når eg tenkjer tilbake synes eg at det meste gjekk veldig lett. Vi hadde jo ein lang skuleveg, det hadde vi. Fyrst var det å gå ein 2,5 km bratt sti ned til Alme, og sjølv då var ein jo berre halvvegs til skulen på Sørheim. Det kunne fort gå to timar ein veg. Og om vinteren kunne ein gå med snø til knea, og då kunne det sjølvsagt vera tungt. Utover 50-talet starta Nils Bakken med skuleskyss med motorbåten sin, og då slapp vi å gå dei siste kilometrane frå Alme til Sørheim. Vi gjekk på skulen annakvar dag. Det var skule 6 dagar i veka då. 1-3 klasse gjekk saman, og 3-6 klasse gjekk saman.
Det var garden vi levde av. Vi hadde 2-3 mjølkekyr, mange sauer og ein hest. Av mjølka vart det laga smør, og denne kinninga var både mor og oss ungane i sving med. Vi leverte smør til meieriet i Sogndal ein gong i veka. Det var ikkje mjølkerute då. Dette var ei viktig inntekstskilde. Ellers var det ikkje mykje pengar ein trong der oppe. Ikkje var det straum, ingen kommunale utgifter, maten dyrka vi sjølve og kjøt og mjølk hadde vi. Eg kan aldri hugsa vi gjekk svoltne, vi hadde det vi trong av mat, sjølv om vi var ein stor borneflokk. Vi hadde åker og dyrka poteter og kål. Vi hadde ikkje korn, men det stod ein skurtreskar der, så det hadde dei nok hatt tidlagare. Hesten var viktig og den vart brukt til å kløvja og til pløying. Også var det nokre år vi hadde revefarm der oppe. Det var før vi flytte til Havraberg i 51.
Det som kunne vera tungvint var alt vatnet som skulle hentast. Særleg om vinteren då ein måtte gå lengre etter rennande vatn og det var mykje snø. Det vart jo ein del bøtter, då både dyr og menneske skulle ha sitt.
Straum fekk vi i 1956 då vi flytte tilbake til Øygarden. Hugsar godt tida før straumen, med parafinlampane. Vi hadde ein radio, men her var det om å gjere å spare på batteria så det vart ikkje mykje vi høyrde på den. Hugsar det som at vi hadde mykje tid til å leike og utfalde oss. Og leikekameratar mangla det jo ikkje på! Om vinteren laga vi skøytebane ved å hente bøtter med vatn og helle i ein sirkel utpå ei sletta. Om sommaren var det mindre tid til leiking, då vart vi sett i arbeid. Frå vi var 5-6 år måtte vi vera med og hesja og raka gras. Dette syntes eg var ein drittjobb.
Då det ikkje var kjøleskap eller frys var det mykje salting og tørking av kjøt. Og ikkje minst hermetisering på Noregsglas. Steikte opp kjøtkaker og kjøtbitar og la i kraft oppi glasa, som så vart kokt i vannbad. Veldig godt blei det.
Det gamle tunet på Øygarden bestod av fleire hus. Vi budde i stova, og dei gamle budde i kårhuset. Ellers var det fjøs, stabbur og låve. Husa stod i mange år til nerfalls etter vi hadde flytta derifrå, og det siste stod vel til for ein 5-6 år sidan.
Huset vi budde i, hadde to soverom og ei stove, så vi var mange søsken saman på soveromma. Det var slike gamle skuvsenger, og vi sov to stykk i kvar seng.
Ellers brukte vi også fjellet, som jo var enkelt å kome seg til. Ein gong vi var saman med far kom vi over eit svært felt med molte, og det enda med at vi braut oss inn i eit sel for å finne nokre bøtter å plukke i. Kunne ikkje berre gå forbi!
Vi støla ikkje, men det hadde blitt gjort tidlegare. Hugsar at dei på Alme støla der oppe, og at dei ysta der. Hugsar både Finkel, Anna og Brita på Alme. Ho Anna var skrøpelig, men Finkel stod på og arbeide heile tida. Vi tok alltid med post til dei når vi hadde vore på Sørheim, det tok jo fleire timar for dei å ro dit sjølve. Eg hugsar også Kari på Øygarden, men vi hadde ikkje så mykje med ho å gjere. Det var jo ikkje familie, og ho var såpass gamal at ho helt seg mest inne i stova si.
Gode minner frå oppveksten, og særleg kjekt er det at vi dag kan køyre opp til Øygarden og sitte der oppe og steike pizza i italiensk pizzaovn og nyte utsikta.